Reglement for Hyllestad og Fjaler kulturskule.
Reglementet er vedteke i kommunestyra i samband med den 4-årige rulleringa av samarbeidsavtalen.
§ 1: Søknad før 20. mai 2019.
a) Hovudopptak skjer til vanleg i slutten av mai kvar år.
b) Søknader elles i året vert handsama etterkvart som dei kjem inn.
c) Innsend søknad er bindande.
d) Alle tilboda vert gjevne med generelt atterhald om lærarkrefter og stor nok søknad.
e) Info om tilboda, prisar og reglement finns på www.hfkulturskule.no, og påmeldinga skjer med personleg pålogging til administrasjonsprogrammet SpeedAdmin over nettet.
§2: Å ta imot plass.
a) Søkjarar ved hovudopptak får til vanleg melding i månadsskiftet juli/ august, med info om reglement, kva tilbod dei har fått plass på, og anslått undervisningstidspunkt.
b) Kulturskulen skal så langt råd er, være fleksibel på ynskje om dag og tidspunkt.
c) Ein må melde frå via SpeedAdmin dersom ein takkar nei til tilbodet, innan nærare gjeven frist. Etter fristen vert dette handsama som oppseiing – sjå §3.
§3: Oppseiing før 20. mai. 2019
a) Når ein har fått tildelt plass i Kulturskulen, beheld ein denne til plassen vert sagt opp skriftleg av ein av partane. Alle må likevel stadfeste framhald årleg ved å re-registrere seg elektronisk i SpeedAdmin
     innan 27. mai 2018. Påminning om dette vert sendt.
b) Oppseiing har 30 dagars varsel. Unntak er tilbod med automatisk utmelding, pga halvårleg organisering (no kun Musikk i livets begynnelse). Ein beheld plassen sin i oppseiingsperioden.
c) Ynskje om byte av tilbod vert sett på som oppseiing av den plassen ein har, og ny søknad.
d) 27. mai 2018 er siste frist for oppseiing av plass ein ikkje ynskjer å ha hausten etter. Oppseiing medfører at ein må betale for oppseiingstida (1 mnd). Oppseiing skjer ved å takke nei i re-registreringa.
§4. Ny timeplan
Dei som held fram frå eit år til neste utan endringar, får informasjon om timeplan om lag 15.8. Dersom det er store endringar i tilbodet, varslar Kulturskulen om dette snarast råd. Det same må elevar/ føresette gjere dersom dei treng ny tid til aktiviteten.
§5. Undervisninga.
a) Undervisninga føl til vanleg skuleruta, men vi har 36 veker undervisning, samt 2 veker avsett til deltaking på opptreden/ utstilling (siste veka før jul og sommar er då utan fast undervising).
b) Tilbodet er, så langt det er råd, desentralisert til skulekrinsane og organisert etter ordinær skuletid. Vi legg vekt på samspel, og møtet med publikum.
c) Føresette og elev er saman ansvarleg for at eleven møter førebudd til timane.
d) Stort fråvær og/ eller liten innsats kan, etter skriftleg varsel, føre til at ein misser plassen til fordel for andre på venteliste.
e) Det vert gjeve tilbod om årlege kontaktsamtalar mellom elev, føresett og faglærar.
f) Møte med publikum er ein viktig del av prosessen. Alle elevar bør oppleve det årleg.
§6. Refusjon ved sjukdom.
a) Det vil til vanleg ikkje bli sett inn vikar ved sjukdom.
b) Dersom ein lærar skal delta på anna aktivitet i undervisningstida, skal undervisninga takast igjen etter eigen plan. Slikt fråvær skal varslast på førehand.
c) Dersom ein elev får avlyst meir enn 1 (ein) gong i eit halvår, skal dei avlyste timane utover denne eine, refunderast.
§7. Prisar og moderasjonar. Prisar vert vedtekne årleg av kommunestyra.
a) Betaling skjer kvartalsvis på etterskot.
b) Kontingenten dekkjer alt nødvendig materiell, men ikkje ev. instrumentleige.
c) Familie- og aktivitetsmoderasjon:
– plass nr. 2: 15%
– fom. plass nr. 3: 30%
Gjeld ikkje tilbod med redusert pris (sjå under).
d) Prisar vert vedtekne årleg av kommunestyra. For 2019 gjeld desse prisane pr. år:
– Elev tom. vgs-alder: kr. 3291,-
– Elev over vgs-alder: kr. 4291,-
   Tilbod med redusert pris:
     – Jubalong:                            kr. 2596,- pr. år
– Musikk i livets byrjing: kr. 1112,- pr. semester (for 12-vekers kurs)
– Moderne dans:                    kr. 1546,- pr. år
§8.: Utleigeprisar på utstyr.
– Gjeld gitar, fele og ukulele: kr. 1000,- pr. år
Sjå www.hfkulturskule.no/prisar for detaljar.
Design og nettløsning: Doghouse