Fjaler har fått seg skulekorps!

I går kveld var det skipingsmøte for Fjaler skulemusikk på Fjalerhuset.

Publisert 29. januar 2020

81629880_10156499266791230_6124543086862270464_n

Det siste året har kulturskulen hatt eit prosjekt i samarbeid med Dingemoen skule kor alle 3.-trinnselevar har fått spele blåseinstrument. Frå januar i år har Flekke skule og fått dette tilbodet på 3.- og 4. trinn. Korps i klasserommet har auka interessa for korps og det var no grunnlag for å skipe eit eige skulekorps for Fjaler. Korpset har ved skiping 14 medlemmar.

Messinglærar og dirigent er Reidun Porten, som er tilsett i Hyllestad og Fjaler kulturskule. Reidun har og same roller i  Hyllestad skulemusikk.

Fjaler skulemusikk vart skipa 28. januar og følgande personar skal leie organisasjonen:

Trude Gjeitanger Høgseth Felde – Leiar for 2 år
Ellen Alværen – Styremedlem 2 år
Marius Hovland – Styremedlem 2 år
Øyvind Helle – Styremedlem 1 år
Erlend Eide (kulturskulen) – Styremedlem 1 år
Elisabeth Hove Bråtane – Varamedlem 1 år
Richard Skår – Varamedlem 1 år

Gunhild Berge Stang – Valnemnd 2 år
Kjetil Høgseth Felde – Valnemnd 1 år

Del dette:
Design og nettløsning: Doghouse