Reglement

Reglementet er vedteke i kommunestyra i samband med den 4-årige rulleringa av samarbeidsavtalen.

Gjeldande  reglement er oppdatert pr. 1. august 2019.

§ 1: Søknad før 20. mai

a) Hovudopptak er i slutten av mai kvart år.
b) Søknadar elles i året vert handsama etter kvart som dei kjem inn.
c) Innsendt søknad er bindande.
d) Alle tilboda vert gjevne med generelt atterhald om lærarkrefter og stor nok søknad.
e) Info om tilboda, prisar og reglement finst på www.hfkulturskule.no, og innneldinga skjer ved personleg pålogging gjennom kulturskulen sitt system SpeedAdmin.

§2: Å ta imot plass

a) Søkjarar ved hovudopptak får melding i juni, med info om reglement, kva tilbod dei har fått plass på, og anslått undervisningstidspunkt.
b) Kulturskulen skal så langt råd er vere fleksibel på ønske om dag og tidspunkt.
c) Ein må melde frå dersom ein takkar nei til tilbodet innan nærare gjeven frist. Etter fristen vert dette handsama som oppseiing – sjå §3.

§3: Oppseiing før 20. mai. 2019

a) Når ein har fått tildelt plass i Kulturskulen, beheld ein denne plassen til han vert sagt opp skriftleg av ein av partane. Om eleven seier opp plassen må ein betale elevkontingent ut inneverande semester. Alle skal stadfeste framhald årleg i samband med nytt skuleår ved å re-registrere seg elektronisk i SpeedAdmin innan 20. mai 2019. Dette óg for å oppdatere informasjon om eleven og føresette. Informasjon om re-registrering kjem på mail.
b) Oppseiing må gjerast innan 1. desember for vårsemesteret og i samband med re-registrering innan 20. mai for haustsemesteret. Ein beheld plassen sin i oppseiingsperioden. Unntak er tilbod med begrensa varighet som til dømes Musikk i livets byrjing, som har automatisk utmelding ved kursets slutt.
c) Ønske om byte av tilbod vert sett på som oppseiing av den plassen ein har, og ny søknad.
d) 20. mai er siste frist for oppseiing av plass ein ikkje ønsker å behalde frå hausten. Oppseiing medfører at ein må betale for oppseiingstida (ut semesteret). Oppseiing skjer ved å takke nei i re- registreringa.

§4. Ny timeplan

Dei som held fram frå eit år til neste utan endringar, får informasjon om timeplan før sommarferien. Dersom det er store endringar i tilbodet, varslar Kulturskulen om dette snarast råd. Det same må elevar/ føresette gjere dersom dei treng ny tid til aktiviteten.

§5. Undervisninga

a) Undervisninga følger til vanleg skuleruta, men vi har 35 veker undervisning, samt 2 veker avsett til deltaking på opptreden/utstilling (siste veka før jul og sommar er utan fast undervisning).
b) Tilbodet er, så langt det er råd, desentralisert til skulekrinsane og organisert etter ordinær skuletid. Vi legg vekt på samspel, og møtet med publikum.
c) Føresette og elev er saman ansvarleg for at eleven møter førebudd til timane.
d) Stort fråver og/eller liten innsats kan, etter skriftleg varsel, føre til at ein misser plassen til fordel for andre på venteliste.
e) Det vert gjeve tilbod om årlege kontaktsamtalar mellom elev, føresette og faglærar. Alle elevar bør ha dette årleg.

§6. Refusjon ved sjukdom

a) Det vil til vanleg ikkje bli sett inn vikar ved sjukdom. Dette grunna begrensa tilgong på lærarkrefter.
b) Dersom ein lærar skal delta på anna aktivitet i undervisningstida, skal undervisninga takast igjen etter eigen plan. Slikt fråvær skal varslast på førehand.
c) Dersom ein elev får avlyst undervisninga meir enn ein (1) gong i løpet av eit semester, skal dei avlyste timane utover denne eine refunderast.

§7. Prisar og moderasjonar

Prisar vert vedtekne årleg av kommunestyra.

a) Betaling skjer kvartalsvis på etterskot.
b) Utgifter til evt. notar, lærebøker og instrumentleige blir fakturert i tillegg. I samband med visuell kunst/kreativ verkstad er det ei eiga avgift for materiell på 250 kr pr. semester.
c) Søskenmoderasjon:
– plass nr. 2: 15%
– f.o.m. plass nr. 3: 30%d) Prisar vert vedtekne årleg av kommunestyra. For 2019 gjeld desse prisane: Prisliste

Design og nettløsning: Doghouse